Ny lokalitet i drift

15. desember 2012

All haust-smolten vår er no sett ut i den nye lokaliteten vår i Ryfylke, Kunes.

Det er mykje arbeid med å flytte ein lokalitet, men tidlegare i haust var alt klart for å setja smolten i sjøen.

Markedet for oppdrettslaks i 2012 har me vore relativt nøgde med. Sjølv om prisane ikkje har vore spesielt høge, har etterspurnaden vore stabil. Prisane har likevel vore høgare enn det me forventet ved starten av året. Gjennomsnittsprisen for ein 3-6 kg laks har vore kr 26-27, og me har slakta nærare 3000 tonn i 2012.

Eidesvik Havfiske AS

Eidesvikvegen 63
5443 Bømlo

Tlf. 53 44 78 00

Ei Wordpress-løysing frå Byrået Sydvest
closebarsangle-down